Anne-Lise Frøland har i den kritikerroste debutboka si "Tynne rivner av lys" tematisert bonden si psykiske helse.
I boka set ho fokus på å vera pårørande, den som prøver å hjelpa. Men kva om den som treng hjelp ikkje vil ha hjelp, og forstår dyrlegen, naboen eller familien at det er alvor.
Med oss i debatten har vi også Sunniva Veen som er rådgjevar i Norsk landbruksrådgjeving. Ho har særleg fokus på bønder si helse. Kva er det som gjer at bønder er ekstra utsette for psykisk uhelse? Korleis kan vi hjelpa og avdekka tragedien før det er for seint?
Samtalen blir leia av bonde og jorddøgnar Torvald Hadland.