Vårslepp: fredag 17.03 – sundag 19.03.23

Ein jærsk litteraturfestival
Kjøp billett

Vårslepp 2023: 17.-19. mars

UTSELD! Heilaften på Lyngen gard

17/3/2023

Jorddøgn/Tekstallianse debatt: Den offentlege bonden

18/3/2023

Barnearrangement: Ullverkstad og lesestund

18/3/2023

Får-edrag: Ein hyllest til sauen

18/3/2023

Samtale: Sau og sjel

18/3/2023

Sauekafé

18/3/2023

Samtale: Blod og jord

18/3/2023

Tur: Tinghaug og Krosshaug

19/3/2023

Vårslepp 2023: 17. og 18. mars

Meir info kjem

Torsdag 29. september 2022

Meir info kjem

Fredag 30. september 2022

Meir info kjem

Laurdag 01. oktober 2022

Meir info kjem

Sundag 02. oktober 2022

Meir info kjem

Jorddøgn: Ein jærsk litteraturfestival med jord og jordbruk som overordna tema.

«som ein oppstandelses-fanfare
med ekko frå hundre steingardar
og eit og anna hjarta»


(Åse-Marie Nesse)

Jorddøgn er jordbruket og naturen sin eigen litteraturfestival på Jæren. Kvart år vil me ta opp aktuelle problemstillingar knytt til jord, jordbruk og natur, og til å undersøkja språket menneska brukar om desse tema - både det litterære, kvardagslege og fagleg/politiske. 

Vårt mål er å skapa rom for nye måtar å tenka og snakka om desse problemstillingane på. Me meiner at det å finna ein berekraftig og ny grøn veg, utan at utviklinga kollapsar, er ei heilt avgjerande utfordring for vår tid.

Jorddøgn vil feira bonden og jorda, som grunnlaget for mykje av samfunnet vårt, for språk- og kulturuttrykka våre. 

Me ser på skjønnlitteraturen som eit sentralt kulturuttrykk som set ord på, og rommar kompleksiteten i dei spørsmåla folk til eikvar tid er opptekne av, både daglegdagse og eksistensielle. Me meiner at litteraturen, i kombinasjon med jordbruket, har eit oversett, men viktig bidrag å gje til samfunnsdebatten om forhold som er grunnleggjande viktige for vår eksistens: matproduksjon, jord- og naturvern, næringsliv og samfunnberedskap.


Me ønskjer å nå ut til både bønder og byfolk, både på Jæren og elles i landet.

Litteraturfestivalen vår skal vera ein stad for meiningsutveksling og kunstuttrykk, men også gje høve til å stoppa opp og tenkja over kor me kjem ifrå og kor me er på veg. 

Som Arne Garborg, bondeguten som sa ifrå seg odelen for å bli forfattar, skreiv då han på sine eldre dagar kom til Knudaheio på somrane: «Heilt heim vinn eg ikkje, då eg ikkje lenger hev krafta til å leva på ærleg måte, d.e. av jorda». 

Bakover stammar me alle frå jordbrukssamfunna, og framover skal me alle bli til jord att. Det er på tide å leggja ned timeglaset og snakka om kva jord er, og kva me vil den skal bety for oss.


Festivalen blir driven av stiftinga Litteraturhuset på Jæren.

Programrådet i 2023 er Bothild Åslaugsdotter Nordsletten, Lillian Utne, Gudmund Edland, Peter Strassegger, Torvald Hadland, Guro Næss Ebbesen, Iris Elisa Toresdottir og Inger Størseth Haarr (festivalleiar).


Koble deg på Jorddøgn