Bjørn Ivar Fyksen er bokkritikar i Klassekampen og debuterte med romanen Gård og grunn i 2024. Boka har nemninga bonderoman, ein sjanger som nok var meir vanleg før og som ein også kjenner godt på Jæren gjennom Arne Garborg sitt virke. Tomas Espedal sa det nyleg treffande: Utan bønder og forfattarar er all vår rikdom fattig.
I Gård og grunn møtar me gardbrukaren Trond frå Østre Elvdal i Vassbotn, ein stad der storbøndene framleis slår an tonen, og der du blir vurdert utifrå namnet på bestefaren din og antall mål dyrka mark. Ikkje så ulikt Jæren, altså.
Velkomen til samtale med forfattaren av denne moderne bonderomanen, om eit ættesamfunn av i går i utakt med Noreg av i dag.
Samtalen vert leia av forfattar og Jorddøgnar Peter Strassegger.