
Ljåen glir gjennom graset. Sytråden vert ført gjennom stoffet. Spikaren vert slegen inn. På hoggestabben kløyver øksa kubben til ved. Skulebussen køyrer elevane heim medan klasserommet vert vaska. Og ein stad høyrest lydane frå ei slåmaskin eller er det ein oljerigg?
Med arbeidet som inngang vil skrivekurset gjennom konkrete øvingar fokusera på etablering og undertekst. Me undersøkjer korleis eit menneske kjem til syne gjennom arbeidet. Kva kan handa til eit menneske fortelja? Rytmen i eit arbeid?
Kva skjer når kunnskapen i arbeidet vert vidareført og kva hender når kunnskapen som ein gong sat i hendene våre ikkje lenger trengst?Det vert korte innleiingar, skriveoppgåver, tilbakemeldingar og tekstsamtale.
Kurset retter seg mot alle som skriv og har skrive lenge.
Arrangementsdetaljer
Avholdes som en del av Jorddøgn Litteraturfestival 17. oktober kl. 11:00-14:00 sentralt på Bryne. Enkel bevertning.
Kurset avholdes sentralt på Bryne – eksakt lokasjon kommer. Kurset er gratis, men påmelding kreves. Det er begrenset med plass og første mann til mølla prinsippet som gjelder.
Meld deg på via påmeldingsskjema.