
Med utgangspunkt i Gudmund Edland si spalte med ville historier i Bondevennen, arrangerer me igjen live-versjonen av Frå det ville sør-vesten.
I år har me med oss spalta sin yngste bidragsytar, Samuel Hadland. Han vil dela frå veren Moien sitt utrulege liv! I Bondevennen vart fortellingane om Moien ein trilogi, i likskap med mange andre kjende meisterverk.
Med oss denne kvelden har me også «vår alles» Einar Braut. Tidlegare Bryne-spelar, habil vokalist og offer for orkanen Malik!
Jorddøgnar og skribent av spalta Gudmund Edland leier oss trygt gjennom det heile.
Kom og høyr! La deg skremma, frustrera og inspirera!